Ny Forhandler

Ny CLAAS forhandlar i Sogn og Fjordane

Fjordane Landteknikk AS har teikna avtale med Norwegian Agro Machinery.

På ulike måter har dei alle lang fartstid i bransjen, men frå no av danner Jan Elling Gloppholm, Frode Refsdal og Dag Eriksen felles lag under navet Fjordane Landteknikk AS. Med utgangspunkt i Førde, vert dei CLAAS og Norwegian Agro Machinery sin representant i Sogn og Fjordane.

– Vi liker oss veldig godt i denne bransjen, og det har jo med kundane å gjere. Vi prøver å setje oss inn i deira kvardag og utfordringer, og vi skal være kjende andlet for dei, uttaler Jan Elling, som vert dagleg leiar og ansvarleg for salg.

Han har 12 års erfaring frå A-K maskiner Førde, blant anna som dagleg leiar, ein arbeidsgjevar også Frode Refsdal og Dag Eriksen tidlegare har hatt. Som tidlegare verksmeister vert Frode Fjordane Landteknikks utandørsmekaniker, medan Dag, har lang fartstid som innandørsmekaniker og seljar i-mek, og vil fortsette å serve denne marknaden.

– Vi skal handtere alle CLAAS og alle dei øvrige merka frå Norwegian Agro Machinery, både på salg og service. I tillegg tilbyr vi komplette fjøsløysingar innan innandørsmekanisering (i-mek) der vi leverer og server GEA-sortimentet. Vi har også deler til dei fleste traktormerker på markedet, så ta kontakt, så kan vi sjå kva vi kan gjere, oppfordrer Jan Elling.

Per i dag har gjengen starta opp med eit lite salgskontor i Hafstadvegen 21 i Førde sentrum, medan både Frode og Dag jobber med utgangspunkt i kvar sin servicebil, fullrigga av nødvendig utstyr.

– Vi vil i løpet av hausten få på plass verkstad, butikk og delelager i Førde. Informasjon kring dette vil komme på våre Facebook-sider, forteller Jan Elling, som er godt i gang med å kontakte eksisterande CLAAS kunder, og allereie har fått mange positive tilbakemeldinger om satsinga.

Dagleg leiar i Norwegian Agro Machinery, Michael Husfeldt, er på si side svært fornøgd med avtalen med Fjordane Landteknikk.

– Vi gleder oss mykje til samarbeidet, og at vi no får enda eit viktig område dekka. Alle våre CLAAS-kundar i området er viktig for vår suksess og for framdrift for CLAAS i Noreg. Vi vil frå Norwegian Agro Machinery støtta Fjordane Landteknikk i den komande tida med alt dei måtte behøve innanfor serviceutdanning, delar, servicerådgjevning, marknadsføring og sal- og produktutdanning.

Fjordane Landteknikk AS

Hafstadvegen 21 (kontor)
6800 Førde

Jan Elling Gloppholm, 975 27 527, jan@fjlandteknikk.no
Frode Refsdal, 992 93 459, frode@fjlandteknikk.no
Dag Eriksen, 473 28 596, dag@fjlandteknikk.no

 

Fra venstre på bildet; Dag Eriksen, Frode Refsdal og Jan Elling Gloppholm.